Litteratur

Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune

Forfattarar frå fylket: Devoldfabrikken

Bli med på ei reise i norsk ølhistorie, og høyr meir om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra. Forfattarane Sissel Brunstad og Eldar Høidal fortel om desse temaene frå sine bøker i samtale med Bjørn Vatne.

Sissel Brunstad gav i 2019 ut boka Norsk Ølhistorie på forlaget Skald. I denne boka tar Sissel Brunstad oss med på ei reise i norsk ølhistorie.


ldar Høidal har skrive boka Gull av gråstein. Boka handlar om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra, og er ei historie om pågangsmot og framdrift på sjø og på land.

Forfattarar frå Møre og Romsdal i samtale om næringsutvikling

15. september er det premiere på den andre av i alt fire flotte filmar kor litteratur og forfattarar frå fylket står i sentrum

I denne filmen møter vi forfattarane Sissel Brunstad og Eldar Høidal i samtale med Bjørn Vatne. Bøkene Norsk ølhistorie og Gull av gråstein er utgangspunkt for samtalen, som vart filma på Devoldfabrikken i Sula ein ettermiddag i juni 2020.

Sissel Brunstad gav i 2019 ut boka Norsk Ølhistorie på forlaget Skald. I denne boka tar Sissel Brunstad oss med på ei reise i norsk ølhistorie. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggarar i heile landet som framleis brygger på gamlemåten.

Eldar Høidal har skrive boka Gull av gråstein, som kom ut på Selja forlag i 2014. Boka handlar om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra, og er ei historie om pågangsmot og framdrift på sjø og på land.

I begge bøkene får vi innblikk i tradisjonar der folk går saman for å realisere næringstiltak.

Det er duka for ein spennande og interessant samtale. God fornøyelse!

Forfattarar frå heile fylket

Det er i alt fire filmar som blir publisert utover hausten, og filmane byr på skjønnlitteratur, faglitteratur, fine samtalar mellom forfattarar, høgtlesing og diskusjonar. Fylkeskommunen har leia arbeidet i samarbeid med fleire bibliotek i fylket, kor målet er å formidle ein del av litteraturen som har sitt utspring i Møre og Romsdal. Opptaka er gjort i ulike delar av fylket, i kommunane Kristiansund, Molde, Sula og Vanylven.

Filmane blir lansert i denne rekkefølga:

  • 1. september: Maria Parr, Ingunn Røyset og Hilde Myklebust, filma på Hakallegarden
  • 15. september: Sissel Brunstad og Eldar Høidal, filma Devoldfabrikken
  • 13. oktober: Svein Sæter og Lars Svisdal, filma på Festiviteten, Kristiansund
  • 27. oktober: Edvard Hoem, filma på Veøya

Filmane er ein del av ei nasjonal satsing på digital formidling og blir tilgjengeleg for alle i heile landet. Dei er produserte med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Filmane er tilgjengelege i 14 dagar frå utgiving.

Dei to siste filmane blir publiserte 13. oktober og 27. oktober.