Historie

Arrangør:
Lyd & Sceneproduksjon AS

Historieboka - laksefiske i Rauma

Programserien "Historieboka" er eit samarbeid mellom historikar Jarle Sanden, Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø. I dette programmet er Jarle på besøk i Rauma for å snakke med Vidar Skiri om laks.

Vidar Skiri ( 73 år) har vokst opp ved Raumavassdraget og vore interessert i i fiske heile livet.

Tidleg på 1980-talet vart vassdraget ramma av lakseparasitten gyrodactylus salaris, og frå første dag var Skiri i front for å bli kvitt parasitten. Etter nesten 40 års kamp, i oktober 2019, vart vassdraget friskmeldt.

Skiri har blitt tildelt Kongens fortjenestmedalje  for sin innsats for villaksen. Han har vore aktiv som styreleiar i Rauma Elveeierlag og styremedlem i Norske Lakseelver.

Jarle Sanden (født 19.september 1951) er ein kjent og kjær historieforteljar frå Molde. Frå han var liten gut var han knytt til Romsdalsmuseet i Molde, først i barneleikarringen, etterkvart som guide, særleg på museet si fiskeriavdeling på Hjertøya. Frå 1980 vart han fast tilsett ved museet, og frå 1994 til 2018 som direktør.

I 1979 tok han magistergrad i etnologi frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om notfiske på øya Gossen i Romsdal.

Jarle har og vore turistsjef i Molde, og konsulent på kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2019 vart han tilsett som konstituert direktør ved det nyetablerte regionmuseet Musea på Sunnmøre.

Jarle har skrevet fleire bøker og artiklar om kulturhistoriske tema.



Programmet er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune