Historie

Arrangør:
Lyd & Sceneproduksjon AS

Historieboka - Sunnmøre museum

Programserien "Historieboka" er eit samarbeid mellom historikar Jarle Sanden, Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø. I dette programmet besøker Jarle Sunnmøre museum. Der møter vi han i samtale med historikar Håvard Haraldson Hatløy om tradisjonar knytt til bygging og bruk av båtar.

Håvard Haraldson Hatløy er frå Ulsteinvik på Sunnmøre. Han er dagleg leiar for Herøy kystmuseum. Han har arbeid med båtkultur i ei årrekkje, og er kjend for sin solide kunnskap om tradisjonar knytt til båtbygging og båtliv.

Jarle Sanden (født 19.september 1951) er ein kjent og kjær historieforteljar frå Molde. Frå han var liten gut var han knytt til Romsdalsmuseet i Molde, først i barneleikarringen, etterkvart som guide, særleg på museet si fiskeriavdeling på Hjertøya. Frå 1980 vart han fast tilsett ved museet, og frå 1994 til 2018 som direktør.

I 1979 tok han magistergrad i etnologi frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om notfiske på øya Gossen i Romsdal.

Jarle har og vore turistsjef i Molde, og konsulent på kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2019 vart han tilsett som konstituert direktør ved det nyetablerte regionmuseet Musea på Sunnmøre.

Jarle har skrevet fleire bøker og artiklar om kulturhistoriske tema.



Programmet er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune