Historie

Arrangør:
Lyd & Sceneproduksjon AS

Historieboka - Tingvoll kyrkje

Programserien "Historieboka" er eit samarbeid mellom historikar Jarle Sanden, Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø. I dette programmet er Sanden i Tingvoll kyrkje saman med omvisar Terje Ramsøy-Halle. Organist Tor Strand bidrar også i programmet med musikalske innslag.

Terje Ramsøy-Halle er pensjonert lærar. Han har, saman med med kona Grethe, engasjert seg sterkt i Tingvolls historie. I 2019 fekk dei kulturprisen for sin langvarige innsats, mellom anna ved digital registrering av fleire tusen ting og foto, og med det gjort dette tilgjengeleg gjennom Digitalt museum. Dei har og vist stort engasjement i Tingvoll sogelag, kulturminneåret, Tingvoll museumslag, Tingvoll kyrkje og Nordmøre Mållag.

Jarle Sanden (født 19.september 1951) er ein kjent og kjær historieforteljar frå Molde. Frå han var liten gut var han knytt til Romsdalsmuseet i Molde, først i barneleikarringen, etterkvart som guide, særleg på museet si fiskeriavdeling på Hjertøya. Frå 1980 vart han fast tilsett ved museet, og frå 1994 til 2018 som direktør.

I 1979 tok han magistergrad i etnologi frå Universitetet i Oslo med ei avhandling om notfiske på øya Gossen i Romsdal.

Jarle har og vore turistsjef i Molde, og konsulent på kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2019 vart han tilsett som konstituert direktør ved det nyetablerte regionmuseet Musea på Sunnmøre.

Jarle har skrevet fleire bøker og artiklar om kulturhistoriske tema.



Programmet er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune