Litteratur

Arrangør:
Møre og Romsdal Forfattarlag og Bjørnsonfestivalen

Møre og Romsdal Forfattarlag presenterer «Basketak»

Tre forfattarar frå Møre og Romsdal har skreve tre svært ulike bøker om folk som kjempar i små og store krigar.

Sidan debuten med diktsamlinga havflammen i 1995 har Øystein Orten skrive fleire tekstar med utgangspunkt i den andre verdskrigen. Årets utgjeving Krigshistorier er ei samling med 20 fiksjonstekstar der personane lever i skuggen av dei store hendingane under krigen, både i Noreg og i landa rundt oss.

Moldediktaren Knut Ødegård fyller 75 år i haust og jubileet feirar han med ny diktsamling: Sirkusdirektøren. Her møter vi ei syster med alzheimer, eit Downs-barn, krigsbarn, taterfolk, aldring og kjærleik og ei misbrukt ungjente. Her er dikt om pandemi og om skaparverkets samanbrot på grunn av vår grådugskap. Mot det nedbrytande står bonden som mjølkar sine kyr, sår sin åker og ventar på innhaustinga si tid.

Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Berit Rødstøl sin siste roman handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld.

Ordstyrarar forarrangementet er Svein Sæter

Den digitale sendinga er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Forfattarlag, Bjørnsonfestivalen, Lyd & Sceneproduksjon AS og Møre og Romsdal Fylkeskommune.