Musikk

Litteratur

Arrangør:
Lyd & Sceneproduksjon AS

Portrett av Torhild Ostad

I dette programmet møter vi songar og komponist Torhild Ostad i samtale med Rolf Magnus Orø. Det er musikalske innslag med Torhild og den unge talentfulle pianisten Isak Hungnes frå Molde. Vi får og høyre utdrag frå Torhilds siste CD "Jeg roper til deg", eit musikalsk samarbeid med pianisten Carsten Dahl.

Torhild Ostad (født 21. juni 1969 i Narvik) er ein songar og komponist kveder med sterk tilknyting til Romsdal. Ho vart født i Narvik, men flytta tidleg til Vestfold og etter kvart til Romsdal. Sjølv om ho no bur iOslo, er ho ofte tilbake til Molde for å besøke familie og delta i ulike musikalske prosjekt.

Debutalbumet hennar frå 1996, «Blomar I Moll», var den første reine a cappella CD gitt ut i Norge.

I 2017 kom hennar andre album. «Eg roper til deg» er eit samarbeid med pianisten Carsten Dahl.

Ho har og samarbeida på plate og konsertar med andre artistar som Mick West, Åse Teigland, Sondre Bratland, John Ivar Bye, Lillebjørn Nilsen, Mikael Wiehe, Bente Kure, Leif Ernstsen, Ingvar Hovland og Asbjørn Stokkeland, Lars Jones, Hans Graasvold, Annbjørg Lien, Rod Sinclair, Carsten Dahl.

Filmen er produsert av Lyd & Sceneproduksjon AS og produsent Rolf Magnus Orø, med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Songar som er med i programmet:
* Blame It on My Youth - av Oscar Levant (musikk) og Edward Heyman (tekst)
* Ned i vester soli glader - kveldssalme etter Åsne Valland Nordli frå Eid i Nordfjord - tekst av Anders Hovden
* Alt forandrer seg - av Torhild Ostad
* Jeg roper til deg - av Torhild Ostad

Denne tjenesten tilbys av Lyd & Sceneproduksjon AS. Musikken er gjengitt med tillatelse fra TONO. Uautorisert fremføring eller kopiering er ulovlig.

Musikken er gjengitt med tillatelse fra NCB. www.ncb.dk