Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Brit Bildøen

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Brit Bildøen.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Brit Bildøen.

Brit Bildøen er fødd i Ålesund, er oppvaksen på Aukra i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Ho er forfattar av barnebøker, romanar og lyrikk, og ho har i tillegg arbeidd med gjendiktingar.

Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn. Gjennombrotet kom med romanen Tvillingfeber (1998). Romanen Alt som er (2004) blei hovudbok i Bokklubben Nye Bøker, noko som var uvanleg for ein kvinneleg nynorskforfattar. I essaysamlinga Litterær salong (2009) er ho oppteken av kvinnene si stilling i litteraturen. Ho har sidan gitt ut romanane Adam Hiorths veg (2011), Sju dagar i august (2014) og Tre vegar til havet (2018). I 2020 gav ho ut fagboka Over land og hav. Eit år med trekkfuglar.

Bildøen er ein god forteljar. Ho er stilsikker og bruker språket medvite, ho eksperimenterer med språket og er tydeleg i metaforbruken. Ho har ei ironisk og feministisk vinkling på emna ho tek opp, som oftast gjeld samliv og kjønnsroller. Som forfattar går ho gjerne inn på tema som er tidsaktuelle, men lite skrivne om skjønnlitterært.

Bildøen fekk Nynorsk litteraturpris i 1998 for Tvillingfeber, Osloprisen i 1998, Sunnmørsprisen i 2004 og Samlagsprisen i 2011. I 2001 var ho festspeldiktar ved Dei nynorske festspela i Ørsta. Bildøen fekk Melsomprisen og Sigmund Skard-stipendet for romanen Landfastlykke (2001), P2-lyttarane sin romanpris 2014 for romanen Sju dagar i august, Nynorsk litteraturpris 2018 for romanen Tre vegar til havet og Amalie Skram-prisen 2020. Ho vart heidersmedlem i Samlaget i 2018.

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz