Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Hilde Myklebust

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Hilde Myklebust.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Hilde Myklebust.

Hilde Myklebust er ein forfattar og småbrukar frå Vanylven. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.

Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare (2005), som inneheld forteljande dikt om familie og arv, jord og natur. Gjennom kvardagslege observasjonar og lågmælte refleksjonar speglar Myklebust slike store tema, og med oppfølgjaren Søkk (2008) stadfesta ho at ho er ein dyktig lyrikar. I diktsamlinga Kvar ein fugl (2018) dreier dikta rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon. Myklebust har skrive romanen Glødepunkt (2011) og fleire bøker for barn, mellom anna Ylva og villgeitene (2020).

Myklebust sat i Det litterære Råd i Den norske Forfattarforeining frå 2013 til 2015.

Under Ulvik poesifestival i 2004 fekk Myklebust lyrikkprisen saman med Ørjan Simonsen. I 2020 fekk Myklebust Diktartavla.

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Eivind Myklebust. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz