Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Jan Ove Ulstein

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Jan Ove Ulstein.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Jan Ove Ulstein.


Jan Ove Ulstein er fødd i Ulsteinvik og busett i Volda. Ulstein har skrive mange barnebøker, romanar, diktsamlingar og salmar. Han debuterte med dikt, viser og salmar i Slag på berget i 1975, og i 2014 kom den 12. diktsamlinga (det er her det flør). Dette er utvalde tekstar frå dei første fem diktsamlingane i 1975-85. Den første romanen, Satyr i katedralen, blei gitt ut i 1997, og her stiller Ulstein religiøse og filosofiske spørsmål.

Både som forfattar og teolog arbeider han med forholdet mellom kyrkje og samfunn. Ulstein driv Ura forlag (skipa i 2008), som gir ut mange av bøkene hans. Han har omsett fem av salmane i Salmer (1997) til nynorsk, og skrive éin salme og omsett tre til nynorsk i Norsk salmebok (2013). Ulstein var ein av stilistane for nynorsk for den nye utgåva av Bibelen som kom i 2011.

Ulstein har skrive og fått oppført fleire musikkspel i samarbeid med komponistar, mellom anna syngjespelet Høyr kor kyrkjeklokka lokkar (2014), komponert av Marie Austrheim Riise.

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz