Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Knut Ødegård

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Knut Ødegård.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Knut Ødegård.

Knut Ødegård er fødd i Molde, og han bur i Molde og i Reykjavik på Island. Han er forfattar av meir enn 40 bøker, kulturformidlar mellom Noreg og Island og forkjempar for menneskerettane.

Ødegård debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda. Han skriv innanfor ei tradisjonell realistisk form med eit klangfullt språk. Han har skrive bøker for barn og unge, skodespel, romanar og dokumentarar. Dessutan har han omsett og gjendikta tyske, norrøne, færøyske og islandske tekstar mellom anna av Friedrich Schiller, Einar Már Guðmundsson og Jóhann Hjálmarsson.

Knut Ødegård har motteke ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna Bastian-prisen (1984), Anders Jahres kulturpris (2001), Møre og Romsdal fylkes kulturpris (2009) og Doblougprisen (2011). I 2015 vart han som den første nynorskbrukaren vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. 

Ødegård tok initiativ til å starte Bjørnsonsfestivalen i Molde, der han var president i 1992–2002 og seinare æresmedlem. Han grunnla Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet i 2003 og var president der i 2003–14. 

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz