Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Marit Kaldhol

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Marit Kaldhol.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Marit Kaldhol.


Forfattar Marit Kaldhol er fødd i Ålesund og bur same staden. Særmerket hennar er biletbøker for barn og poetiske forteljingar for unge.

Skrivestilen til Kaldhol er enkel og direkte, med korte og greie hovudsetningar. Oppattakingar, ordspel og rytme manar fram det mystiske og usagde og gir mange meiningslag.

Heilt frå debuten med diktsamlinga Lattermilde laken (1983) har forfattaren veksla mellom reine poetiske tekstar og prosatekstar. Også i prosatekstane for vaksne, som boka Maria (1985) og i huda er gud ein munn (1997), som forfattaren sjølv kallar poesiromanar, er skrivestilen oppattakande, intens og tett. Med knapp ordbruk og få stilgrep skaper Marit Kaldhol presise og tydelege, og samtidig dunkle og burleske, tekstar.

Barneboka Farvel, Rune (1986) har oppnådd fleire internasjonale barnebokprisar. I 2001 fekk ho Samlagsprisen. Kaldhol fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Kino (2006) og for Søkeord: ayotzintli (2010), og Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for boka Zweet. I 2019 blei Søkeord: ayotzintli kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Kaldhol var med på å danne Møre og Romsdal Forfattarlag i 1983 og var leiar av laget i fleire år. I Det litterære rådet i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere var ho nestleiar i 2001–2003 og leiar i 2003–2005.

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Sigrid bø Grønstøl. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz