Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Mette Karlsvik

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Mette Karlsvik.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Mette Karlsvik.

Mette Karlsvik er fødd i Bodø. Ho voks opp på Frei på Nordmøre og er busett i Oslo. Ho skriv energisk, sprudlande og kreativt med korte setningar og eit oppfinnsamt språk.

Karlsvik debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som handlar om ei jente med anoreksi. Den 90 sider lange romanen Flytårn, om ein flygeleiar på Kvernberget flyplass, blei utgitt i 2007, og i romanen Pol (2008) prøver hovudpersonen å få arbeid i Bergens Tidende. Bøkene Post ose. Dagar og netter i Reykjavik (2011), Bli Bjørk (2011), Prinsland (2012) og Varmá (2016) handlar om Island. Ho har også gitt ut teikneserien Kjøt (2018) saman med illustratør Tord Torpe og romanane Den beste hausten er etter monsun (2014), Mørkerom (2017) og Meieriet (2019).  

Karlsvik fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden i 2005. I 2011 fekk ho Sigmund Skard-stipendet, i 2012 fekk ho Stig Sæterbakkens Minnepris, Bokhandelens forfatterstipend og målprisen til Nordmøre Mållag, og ho fekk Skien kommunes kunstnerstipend for 2013.  

Utdrag frå Allkunne-artikkel av Vibeke Lauritsen. Les meir på allkunne.no.


Foto: Ma Ortiz