Litteratur

Arrangør:
Nynorsk kultursentrum

Stader for skrift 2020 - Svein Sæter

Kva betyr heimstaden til ein forfattar for skrivinga? Og kvar er eigentleg «heime»? I prosjektet Stader for skrift ser vi sju forfattarar frå Møre og Romsdal gjennom tre ulike blikk. Her møter du Svein Sæter.

Møre og Romsdal har mange spennande forfattarar. I dette prosjektet får du møte forfattarar frå alle kantar av fylket. Nokre har flytta. Andre er framleis der dei vaks opp. Bak portretta står forfattar Bjørn Vatne, fotograf Ma Ortiz og produksjonsselskapet Blåst Film. Du kan oppleve dei sju forfattarportretta i podkasten vår Nynorsk no og gjennom film og fotografi. På allkunne.no kan du lese meir om kvar einskild forfattar. KLIKK HER for å kome til nettsida om Svein Sæter.

Svein Sæter er ein forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.

Sæter har skrive fagbøker om ulike emne. Bøker som Bondelandet (1994), skriven saman med Aina Edelmann, og Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia (2009) viser ei breidde i fagfelt. Han har spesielt fått mykje merksemd for dei historiske bøkene sine. Operatøren. Knut Hauglands egen beretning (2008), som blei skriven i nært samarbeid med Haugland, og Kongen av Spitsbergen. Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland (2016) handlar om nordmenn som stod opp mot okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.

Sæter fekk målprisen til Nordmøre Mållag i 2006 og Surnadal kommunes kulturpris i 2009. I 2012 fekk han Kuliprisen frå Nordmøre Historielag.


Utdrag frå Allkunne-artikkel av Espen Tørset. Les meir på allkunne.no.

Foto: Ma Ortiz